Etterkomarar etter Ola Larsson (oldefar)
Etterkomarar etter Guro Johannesdotter (oldemor)
Etterkomarar etter Lars og Lovise Olderkjær
Etterkomarar etter Gudmund Erikson Kaldestad og Guri Heinesdotter Øye
Samankomstar
Gamle bilde
Ymse kjøretøy
Ymse historier
Linkar
Etterkomarar etter Olaus Sanden (bestefar)
Samankomstar
Film og video
Linkar
Thailand 2001
Tarjei og Marie
Reidar
 

Hvor to og tre forsamlet er, der alltid er en Olderkjær

Har du lurt på kor dette uttrykket kjem frå? Eg har alltid høyrd at det er eit liknande uttrykk i bibelen (Det bibelske uttrykket kom vel først...).

Eg har leitt i Bibelen dvs på www.bibelen.no, og i Matt 18,20 fann eg det eg leitte etter: For hvor to eller tre er samlet i mitt navn, der er jeg midt iblant dem.

Mange kjenner dette utrykket, ikkje berre i slekta eller på Sunde, men ein kan risikera å bli konfrontert med det på stader ein minst hadde venta det.

Eg har sjølv opplevd i tidlegare tider (1986) då eg søkte jobb i eit datafirma i Oslo at intervjuaren kikka opp frå søknadspapira og sa: Er det ikke så de sier at: Hvor to og tre forsamlet er, der alltid er en Olderkjær? (Ref Olderbladet Nr.1 1. årgang Desember 1991)


Vidar bur på Gjøvik og på avsluttingsdagen for Knut Erik på barneskulen vart han sitjande ved sida av ein far som eigentlig var frå Bergen. Då han høyrde at Vidar var frå Sunde (der denne faren og hadde vore), tenkte han med ein gong på Torkel Tveit og annonsen han vart kjent for: Når i vande du går med di klokke som står...
I tillegg så kom sjølvsagt regla: Hvor to og tre forsamlet er, der alltid er en Olderkjær...