Etterkomarar etter Ola Larsson (oldefar)
Etterkomarar etter Guro Johannesdotter (oldemor)
Etterkomarar etter Lars og Lovise Olderkjær
Etterkomarar etter Gudmund Erikson Kaldestad og Guri Heinesdotter Øye
Samankomstar
Gamle bilde
Ymse kjøretøy
Ymse historier
Linkar
Etterkomarar etter Olaus Sanden (bestefar)
Samankomstar
Film og video
Linkar
Thailand 2001
Tarjei og Marie
Reidar
 

Mary i hundre

Ein slektning på Moster-sida - Mary Løkhammer - fylte 100 år onsdag 25.november 2009, og feira i fin stil på Knutsaåsen aldersheim på Stord.

Ho ville ikkje ha noko særleg markering, men sette pris på kvar einaste slektning og nabo som strøymde til.

Til og med ordførar Liv Kari Eskeland og rådmann Magnus Mjør kom innom med ein blomebukett til jubilanten.

Mary er dotter til Ragna Lidal (fødd Grindheim, ei av søstrene til Emma Lovise), og dermed søskenbarnet til Gudrun, Knut og Ansgar og deira ti avdøde søsken. Ho har alltid vore godt orientert om slektningane sine frå Sunde.

På hundreårsdagen hugsa ho straks igjen underteikna med namns nemning, sjølv om eg berre har besøkt ho to gonger i huset på Ås på Stord. Ho nevnte kven eg var gift med, og sa at eg hadde trekk av ”tante Lovise”, altså bestemor på Haugane. Ho sa slik ho har understreka før at Lovise var eit ordensmenneske, og at ungane på Olderkjæret var ordentlege og ryddige. Mary trekte fram minne om Leon og Anna, Erna og Gudrun som dei ho hadde mest kontakt med på olderkjærsida.

Mary er eldst i ein søskenflokk på sju etter Ragna (1883-1975) og Georg Lidal (1883-1936). Ragna var Lars og Endrikke Spissøy (seinare Grindheim) sitt nest eldste barn. Ingeborg (1880-1963) var eldst, også ho blei gift på Stord - med Abel Hystad. Så var det søster Emma Lovise (1888-1967), gift med Olderkjær-Lars’en, brødrene Gustav (f. 1891) og Størk (f. 1893), og veslesøster Hilda Malene (f. 1896) som drukna som lita heime på Moster. Gustav og Størk emigrerte til Amerika og let ikkje høyra særleg meir frå seg, visstnok fordi dei var bitre over faren sitt andre giftarmål.

Mary og Olav Løkhammer fekk seks barn, Einar (f. 1933), Reidun (f. 1935), Gunnar (f. 1936), Odd (1939-1986), Gerd (f. 1941) og Erik (f. 1946). Dei fem attlevande var alle i hundreårsdagen. Olav Løkhammer døydde i 1986. Han var frå Stord, og arbeidde først i gruvene på Litlabø, så på verftet, og aller lengst i Sunnhordland Kraftlag. Han førte blant anna SKL-båten ”Blåkraft”, som Ove Olderkjær frå Hålo fekk ansvaret for etterpå.

Mary sine søsken var Endre (1912-1987), Gustav (1915-1978), Ragnar (1918-1973), Gudrun (1920-2007 ), Anton (1922-1954) og Leif (1926-2002). Ho har 12 barnebarn og 26 oldebarn. Ho har og tippoldebarn.

Mary var heimearbeidande på Stord, ho var sprek og greidde seg sjølv i huset til langt opp i 90-åra. Ho var ofte å sjå gåande på Leirvik med handleveska si inntil for få år sidan. Ho fortel at ho ramla med rullatoren på Vikjo for eit par år sidan, og at ho ikkje er så god til beins. Høyrsla skrantar og, men minne og snakketøy er i orden.

Mary ønskte ikkje blomar og presangar til seg sjølv på hundreårsdagen, men heller ei gåve til NLL-misjonen i Japan. NLL (Nytt Livs Lys/New Life League) driv eit bibeltrykkeri utanfor Tokyo, styrt av mostringen Roald Lidal – brorson til Mary. Ekteparet Inga og Roald Lidal har vore misjonærar i Japan for Sion-menigheten på Moster i over 30 år. NLL trykkjer biblar på over 60 språk og sender rundt i verda, blant anna skal 20 millionar vera smugla inn i Kina.

Ove Arne Olderkjær