Etterkomarar etter Ola Larsson (oldefar)
Etterkomarar etter Guro Johannesdotter (oldemor)
Etterkomarar etter Lars og Lovise Olderkjær
Etterkomarar etter Gudmund Erikson Kaldestad og Guri Heinesdotter Øye
Samankomstar
Gamle bilde
Ymse kjøretøy
Ymse historier
Linkar
Etterkomarar etter Olaus Sanden (bestefar)
Samankomstar
Film og video
Linkar
Thailand 2001
Tarjei og Marie
Reidar
 






Tur til Thailand 17/12-2001 - 17/1-2002

På julafta hadde me planlagt å reisa vidare til Koh Lanta, me hadde tinga overnatting (internett) på Lanta Sea House fram til 1.januar. Julafta kjøpte me billettar på nattoget frå Hua Hin til Surat Thani. Heldigvis bestilte me 1.klasse og sovekupe. Me hadde på førehand høyrt at det gjekk like bra med 2.klasse. Det var me glade for me ikkje hadde høyrt på når me gjekk på toget.

Togturen gjekk bra, sjølv om det var trangt i sengene. Om morgonen når det lysna, var det som å befinna seg i forhistorisk tid, me kikka ut togvinduet og venta nesten å sjå dinosaurar som gjekk og åt frå tretoppane...

Kl 06.30 skulle toget vera framme i Surat Thani, så me var tidleg oppe, og gjorde oss klare til å gå av sjølv om det var lite folk å sjå i gangen. Det viste seg at rett snkomsttid var 08.30, så me måtte ta med oss ryggsekkane og gå tilbake til kupeen.

Me hadde ikkje peiling på korleis me skulle komma oss frå Surat Thani til Koh Lanta. Det vart ikkje noko problem. Dei stod i kø på togstasjonen , spesielt framfor 1.klasse-døra på toget og ville frakta oss kor me ville.

Kvaliteten på kjøretøya var så ymist. Alt frå overfylte gamle vrak av bussar, til ja, ingen var vel spesielt topp kvalitet på. Me slo til, kanskje litt fort på noko som viste seg å vera ein slags pickup med presenning over lasteplanet. Der sat me på benkar, men dei køyrde oss heilt fram til Lanta Sea House, inkl. 2 ferjer og ca 25 mil på landevegen. Eg må innrømma at eg til tider var litt betenkt, når me for avgårde langt utpå landsbygda med to tilfeldige Thaiar i 100 km i timen. eg tenkte både på kidnapping og ran, men det var ingenting å bekymra seg for.

Forrige serie med bilete
Neste serie med bilete