Etterkomarar etter Ola Larsson (oldefar)
Etterkomarar etter Guro Johannesdotter (oldemor)
Etterkomarar etter Lars og Lovise Olderkjær
Etterkomarar etter Gudmund Erikson Kaldestad og Guri Heinesdotter Øye
Samankomstar
Gamle bilde
Ymse kjøretøy
Ymse historier
Linkar
Etterkomarar etter Olaus Sanden (bestefar)
Samankomstar
Film og video
Linkar
Thailand 2001
Tarjei og Marie
Reidar
 

Tur til Thailand 17/12-2001 - 17/1-2002

Byen me kom til etter me kom i land med ferja på Koh Lanta, heiter Ban Saladan. Ein liten by utan 'store fakter'. Veidekke var finkorna raud sand, både i byen og veiene ellers. Koh Lanta hade fått elektrisitet for berre eit par år sidan, og straumen hadde det framleis med å bli borte med jamne mellomrom.

Dersom ein er ute etter eit heftig natteliv er ikkje Koh Lanta midt i blinken, men var ein særdeles avslappande stad å vera.

Hadde ein berre betalingskort (visa t.d.) med på turen, så kunne ein ta ut pengar i banken, med ikkje altfor lang opningstid, og ein kunne risikera å stå i kø i eit par timar.

Frå Long Beach (stranda der me budde var det gangavstand til Ban Saladan, men det var meir behageleg å ta Taxi. Taxi var i dette tilfelle ein moped med påsveist sidetilhengar med benk

Her hadde me plass til heile familien, 3 på benken og ein på baksetet.

Det vart som regel til at ein tok ein tur dagleg til byen, for å gå litt i dei butikkane som fantest, eller gå i banken når ein måtte det

Slik såg dei første bungalowane som me budde på ut (Lanta Sea House). Dei låg litt langt frå sjøen (100 meter!) og frå bassenget (50 meter!)

Lanta Sea var ein veldig fredelig plass. Restauranten stengte kl 23, og etter den tid var det stort sett stille. Resortane låg på rekke og rad bortover stranda, men dei fleste tilhøyrande restarantane stengte tidleg. Lanta Sea House låg langt sør på stranda.


Her er bungalowen me budde i på Lanta Sea Hoouse. Me budde her frå 24.12.til 1.1.

Ernst (frå Sunde) og Eli med 3 barn budde ved same stranda.

Maten på Koh Lanta var svært god og billig, me åt alle måltida på restaurant. Det var så mange restaurantar på resortane langs med stranda at me kunne skifta restaurant mest kvar dag.


Her er stranda Long Beach. Det var ikkje tillatt å byggja høghus her, så det fantest ikkje hotell. Ikkje høgare hus enn 2 etasjar og det skulle vera litt tilbaketrekt frå stranda. Det var nesten så fredfullt som det ser ut til her.

Temperaturen i sjøen låg på vel 30 grader, det var akkurat passe langgrunt, men det var litt 'sjølopper' som hadde med å bita litt så det svei litt, men det var ubetydelg.

Etter Lanta Sea House flytta me til D.R.Lanta lengst nord på stranda. Der budde me kloss ved stranda og bassenget. Me budde i bungalowen til venstre på bildet

Marie hadde ramla og slått seg på badet på Lanta Sea House, så ho måtte på sjukehus og sy i haka. Ho fekk noko penicillin som magen hennar ikkje tålte så godt. I tillegg fekk ho feber, og var meir eller mindre sjuk resten av opphaldet på Koh Lanta. Heldigvis budde me så nære basseng og strand at me fekk nytta godt dei stundene ho var bra, og Tarjei kunne boltra seg i bassenget sjølv om me sat på verandaen.

I tillegg budde Ernst og Eli m/familie i bungalowen ved sida av.

Temperaturen på land låg rundt 25 grader i skuggen. I bassenget og sjøen låg det på rundt 30 grader


Forrige serie med bilete
Neste serie med bilete